Velkommen

Velkommen til heimesida vår!


Å få gjera vatnet i Daleelvi om til straum har nok vore ein draum for fleire generasjonar.

Dei fyrste konkrete planar om eit kraftverk vart imidlertid ikkje lagde før i siste halvdel av 1980-åra av grunneigar og ingeniør Jan B. Thorsnes. Men me er framleis på tampen av dei store utbyggingane si tid, og prosjektet vert skrinlagt nokså snøgt p.g.a. høg utbyggings-kostnad i forhold til produksjonen.

Utover på 90-talet er det blitt meir interessant å byggja små kraftverk. Utstyrs- og utbyggings-kostnad kjem ned på meir akseptable nivå, og når det gamle århundret går mot slutten kan han ta dei ti år gamle planane fram att.

I 2000 får han laga ein forstudie som konkluderar med at prosjektet no er interessant også økonomisk. Han får med seg naboane Kristoffer Dale og Atle J. Dale, og tilsaman sit dei no på 100% av både grunn og fallrettar, noko som forenklar det vidare arbeidet med prosjektering og planlegging.

Søknad om utbygging vert sendt til NVE, og hausten 2002 får me fritak for konsesjon. I praksis er dette klarsignal til å starta det konkrete planarbeidet, og utover i 2003 knyter me til oss ytterlegare to personar med nære band til grendi. Knut Thorsnes og Egil Sværen.

Tilsaman er me no blitt ei gruppe med kompetanse på nær sagt alle område som er ynskjeleg for eit småkraftverk, og i november same år vert selskapet Dale Kraft AS skipa.

Om Kraftverket

Les mer

Om utbygginga

Les mer